{"product_id":"31-dagar-i-oktober","title":"31 dagar i oktober","description":"\u003cp\u003eDet nærmar seg halloween, men Odin gler seg ikkje. Han har motvillig takka ja til å spele solo på korpskonserten, og på skulen skal dei ha gruppearbeid, noko han hatar. For kven vil vere på gruppe med tause, rare han?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eI tillegg skjer det mystiske ting i bygda, ein kappekledd person går rundt og lokkar barn til seg. Kan det ha samanheng med den gamle segna, den om heksa i Skoglia, ho som bortførte og åt barn? Saman med Sigrid og Julie, som han er på gruppe med, begynner Odin å undersøkje historia. Men kven er det som følgjer med på alt dei gjer, og som har skumle planar for halloween?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e31 dagar i oktober er ei grøsseleg spennande nedteljingsbok for alle barn som gler seg til halloween.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.\u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":45245029351467,"sku":"9788234015267","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234015267_1.jpg?v=1788272824","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/31-dagar-i-oktober","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}