{"product_id":"brod-fra-englane","title":"Brød frå englane","description":"\u003cp\u003eEi eventyrleg forteljing om livet som musikar av Patti Smith, forfattaren bak boksuksessen Just Kids. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003ePatti Smith veks opp i etterkrigstida. Frå eit falleferdig bustadkompleks tar ho oss med inn i barnets fantasiverd. Ho opptrer som kaptein for ein lojal søskenhær, overvinn bøller, kommuniserer med kongen av skjelpadder og leitar etter heilage sølvmyntar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eVi blir med vidare gjennom tenåra, der Arthur Rimbaud og Bob Dylan dukkar opp som forbilde når Smith begynner å skrive poesi, deretter songtekster, og kombinerer begge delar i dei ikoniske innspelingane som Horses og Easter. Men så legg ho alt dette bak seg for å gifte seg med den eine sanne kjærleiken sin, Fred «Sonic» Smith, og med han skapar ho eit liv i truskap og eventyr ved ein kanal i St. Clair Shores i Michigan. Her, i den landfaste Chris-Craft-båten sin, sit paret oppe om nettene og studerer nautiske kart og kartlegg nye eventyr, samtidig som dei stiftar familie.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMens Smith lid store tap, flettar sorg og takksemd seg saman gjennom år med omsorg for barna og forsøk på å bygge livet opp igjen. Til slutt begynner ho på ny å skrive - og forvandlar det verdslege til noko vakkert, det vanlege til noko magisk og smerte til håp.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eOmsett av Ingvild Holvik.\u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42468886937643,"sku":"9788234015625","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234015625_1_1_050c6e97-f58d-4a60-ab2a-25fa41b34ff7.jpg?v=1762376027","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/brod-fra-englane","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}