{"product_id":"drama-for-domkapitlet","title":"Drama for domkapitlet","description":"\u003cp\u003eSlepp Maren å gifte seg? Får Rasmus skilsmisse? Er familiane Beer og Muldrup like gode? Har prestekona ei ulovleg bok i vindaugskarmen? Kan kyrkjelyden bli kvitt presten? Spørsmåla var mange når kapitelretten kalla folk inn til rettsmøte i, eller i nærleiken av domkyrkja.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eKapitelretten var ein spesialdomstol i det dansk-norske rettsapparatet i tidleg nytid. Saksgrunnlaget var først og fremst ekteskapssaker og interne kyrkjelege konfliktar. Fleirtalet av dommarane var prestar knytt til domkyrkja i stiftet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEkteskapstrøbbel, familiefeidar og omdiskuterte sjelesørgjarar prega rettsmøta. Referata gir unike innblikk i vanlege folk sitt liv. Dei viser menneskeleg samkvem og kvardagsliv, men også korleis retten endra seg over tid. Boka baserer seg på referat frå domkapitelretten i Stavanger stift (frå 1682 kalla Kristiansand stift) i perioden 1600 til 1750.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMargit Løyland er historikar og arbeider i Arkivverket. Ho er ein erfaren formidlar og har gitt ut fleire vitskaplege og populærvitskaplege bøker og artiklar, mellom anna Hollendertida i Norge 1550-1750 og Aschehougs illustrerte norgeshistorie, saman med Unni Løkkebø.\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Wigestrand","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42468887363627,"sku":"9788281402980","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788281402980_1_e58927db-4890-4acb-b28c-da2ad6791b91.jpg?v=1762376044","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/drama-for-domkapitlet","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}