Ei verd i endring

Ordinær pris 399,00 NOK Tilbudspris 399,00 NOK Ordinær pris 399,00 NOK
Utsolgt

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Ei verd i endring in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788282654906 | Format: Innbundet | Utgivelsesår: Utg.år: 2020

I takt med eit auka fokus på globalisering, har ulike variantar av globalhistorie også sett sitt preg på historiefaget og historieskriving. Denne forskinga er ofte tverrfagleg, spenner gjerne over fleire historiske periodar og har frå eit utgangspunkt i økonomisk og politisk historie i løpet av det siste tiåret i større grad femna om kulturhistoriske emne. Ei slik perspektivutviding har utvilsamt representert ein vekkjar for eit historiefag som tradisjonelt har vore sterkt knytt til det nasjonale – og for så vidt også til det europeiske. Tilnærminga føyer seg inn under det som gjerne blir kalla «komparativ verdshistorie». I diskusjonen om globalhistoriske tilnærmingar blir denne ofte sett i motsetnad til «globalhistorie» – med den grunnleggjande skilnaden at «globalhistorie» først og fremst er oppteken med global utveksling og dialog. Sjølv om skiljet mellom tilnærmingane er overdrive, er det likevel slik at vekta på samanlikning skil tilnærmingane frå kvarandre. I ei syntetiserande framstilling vil synleggjering av likskapar og skilnader vere heilt grunnleggjande, men utan at dette treng å gå fullstendig på kostnad av eit fokus på global utveksling. Heile det første kapittelet tek i så måte opp både det kommunikative grunnlaget (framveksten av skriftkulturar) og ulike former for global utveksling – økonomisk i form av handelsnettverk og kulturelt i form av reisandes møter med andre kulturar. Ei verd i endring er den første syntetiserande framstillinga på norsk som tek opp globalhistorie i perioden frå kring 500 til 1500.

Levering

Denne varen sendes innen 2–5 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Nylig sette produkter