{"product_id":"eple-paere-plomme","title":"Eple, pære, plomme","description":"\u003cp\u003eFruktdyrking har lange røter i norsk historie, og frå gamalt av har det vore dyrka eit rikt mangfald av ulike fruktsortar her i landet. For aller første gong er dei heimlege sortane av eple, plommer og pærer samla i eit oppdatert praktverk.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eFrå 1800-talet vart det gitt ut vakre, illustrerte pomologiske bøker i Europa, der unike fruktsortar blei presenterte og vist fram. I Noreg kom Norsk Pomologi. Bind I: Epler ut i 1939, følgt av eit band om pærer i 1958. Den planlagde boka om plommer kom aldri ut.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEple, pære, plomme skriv seg inn i denne boktradisjonen med sine korte, informative tekstar og tilhøyrande kunstverk som skildrar dei ulike sortane i detalj.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDenne praktboka er rikt illustrert med detaljerte, handmåla akvarellar av Hege Gjerde Sviggum og løftar fram over 130 sortar som har vore vanlege i norske frukthagar gjennom historia. I tillegg til omtale av kvar enkelt sort, får du innførande artiklar om tradisjonell fruktdyrking, skadedyr, plantehelse og lagring.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka er ei kjærleikserklæring til norsk fruktdyrking som både dokumenterer kunnskap som er i ferd med å forsvinne og inspirerer oss til å ta vare på dei gamle kulturarvssortane.\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Skald","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42468886609963,"sku":"9788279593713","price":599.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788279593713_1_1_5ab96800-ef71-485b-a0ec-f4179e199842.jpg?v=1762376009","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/eple-paere-plomme","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}