Flagellantens evangelium

Ordinær pris 329,00 NOK Tilbudspris 329,00 NOK Ordinær pris 329,00 NOK

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Flagellantens evangelium in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788283985764 | Format: Innbundet | Utgivelsesår: Utg.år: 2026

Kva gjer eit menneske med tida som renn mellom fingrane, med skulda det ikkje kan legge frå seg, med kjærleiken det mista og krigen det ikkje maktar å stanse?
Naturen talar i stigande røyst, narsissismen er sivilisasjonen sin spegel og det personlege tapet er aldri langt unna. Med jordugleflukten sin låge, vinklande kurs som rettesnor – aldri den rette vegen, alltid framover – rører diktsamlinga ved det som er størst og minst på ein gong: Eit fjortenårig liv som sloknar, eit hovoud i ei morgonkåpe som er for stor, ein siste utpust som ikkje blir følgt av ein ny innpust.
Grøvdal skriv med ein røff ømheit og ein natur- og mytologiforankra billetkraft som er heilt hans eigen. Her er havet, fururøttene, elgen i daggryet og øvingsgranaten med kyrilliske bokstavar. Her er flagellanten – sjølvpiskaren – som både botsøving og spørsmål: Kven piskar seg, kven fortener det, og kvifor sluttar vi ikkje?

Ola Grøvdal (f. 1953) voks opp i Rørvik i Nærøysund der han bur no, men han har og budd og arbeidd som lærar, inspektør og rektor i den vidaregåande skolen i Vardø og i Numedal. I 2013 mista han kona si etter mange års kreftsjukdom. Han har tidlegare gitt ut seks diktsamlingar, roman, noveller og barnebok. Han er prisbelønt for dikta sine og for romanen. Han har skrive fleire teaterstykke for barn og fleire lokalhistoriske stykke, seinast musikkteaterstykket om forliset til hurtigruteskipet Sanct Svithun i 1962. Han er ein ivrig friluftsmann og ferdast like gjerne på sjøen med årer eller motor som i fjellet til fots, på ski eller med hest.

Levering

Denne varen sendes innen 2–5 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Nylig sette produkter