{"product_id":"konglefall","title":"Konglefall","description":"\u003cp\u003eDet er vinter og krig, og nede i bygda ligg frosne åkrar og utrulla piggtråd. På garden til Eilert står den mektige Sølvgrana, treet som er så majestetisk og vakkert at folk, i alle fall før krigen, kom langvegsfrå for å sjå det.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSølvgrana skal spela ei avgjerande rolle i sabotasjeaksjonen ved Berarbrua i Sjuskog i desember 1942, som bonden Eilert, presten Milton og trevarefabrikanten Anton planlegg saman. I sin utstuderte og gåtefulle motstandskamp set dei også si lit til schæferhunden Raum og den fjortenårige, brunsvarte dølahesten Akar. Dei tre dyrkar normalitet i arbeidet på garden, trevarefabrikken og i kyrkja, samtidig er det samarbeidet deira som får fram skaparkraft og ei sterk økologisk tru.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMed \u003cem\u003eKonglefall. Ein sabotasje\u003c\/em\u003e har Eirik Ingebrigtsen skapt ein roman som på sitt særeigne vis foreinar realisme og magi. \u003cem\u003eKonglefall. Ein sabotasje\u003c\/em\u003e kan lesast som ein allegori over ein krig som har vore på norsk jord, men også som ein dystopi og eit varsel om ei trugande framtid.\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42462555734059,"sku":"9788249530489","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249530489_1_10.jpg?v=1762262264","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/konglefall","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}