{"product_id":"kvitleik","title":"Kvitleik","description":"\u003cp\u003eI den mørke skogen.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEin mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e«Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil å kalle det for ein tanke, det var meir eit påhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome på. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap.»\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eKvitleik\u003c\/em\u003e er ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død.\u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42446082080811,"sku":"9788234012983","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234012983_1_2.jpg?v=1761894637","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/kvitleik","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}