{"product_id":"land-ingen-har-sett","title":"Land ingen har sett","description":"\u003cp\u003eBrørne Eilert og Anton Edvard sender brev til kvarandre over Atlanteren eit par gonger i året. Dei arbeider hardt for å bli gjeldfrie. Ute i verda rasar den første verdskrigen, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eI Romsdal driv Anton Edvard ein gard som er for liten til å dekke utgiftene hans. Om vinteren er han med på fisket frå fiskeværet Bjørnsund, det er eit nådelaust slit som kan gi stor forteneste. På Alberta-prærien blir Eilert tvinga til å dyrke opp eit stadig større område for å auke kveiteproduksjonen da prisane fell ved krigens slutt. Den etter kvart store familien til Eilert blir råka av ei ulykke som snur opp ned på alt.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDen opprørske Gjertine kjem til eit vegskilje i livet og legg ut på si siste store reise til Ravenscrag i Saskatchewan. I Molde blir systera Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med slåttekaren som om han framleis var i live.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eLand ingen har sett\u003c\/em\u003e er den tredje romanen i den store krøniken om Knut Hansen Nesje og slekta hans. Med poetisk kraft levandegjer Edvard Hoem historia om dei eventyrlystne menneska som reiste over Atlanteren for å bygge eit nytt samfunn, og dei hardt arbeidande menneska som valde å bli heime for å skapa framgang og betre tider på Norges jord.\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42495216844843,"sku":"9788249517794","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249517794_org_653bc9a05d5e01bedef0298404d5917c_1.jpg?v=1763306263","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/land-ingen-har-sett","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}