{"product_id":"om-dyr-og-syn-om-sovn-og-morke-om-livet-pa-jorda","title":"Om dyr og syn : Om søvn og mørke : Om livet på jorda","description":"\u003cp\u003eI romanane \u003cem\u003eOm dyr og syn\u003c\/em\u003e, \u003cem\u003eOm søvn og mørke\u003c\/em\u003e og \u003cem\u003eOm livet på jorda\u003c\/em\u003e, som går føre seg på ei øy i ytre Nordhordland og i Bergen frå 1960- til 90-talet, har Tormod Haugland med sterk forteljeglede, underfundig humor og stor fridom i assosiasjonane skapt ei original form for sjølvbiografisk dikting. Her følgjer vi odelsguten Tormod frå barndommen gjennom ungdomstida fram til vaksenlivet. Tormod er fødd til å ta over garden han veks opp på, men ein stad på vegen endrar livet retning. Han tek kunstutdanning, sel garden og vert forfattar. Det handlar om draumar, om ansvar og fridom, om kunst og natur, om tilhøvet mellom dyr og menneske, levande og død, og om at eit liv kan forteljast i mange ulike versjonar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen \u003cem\u003eUnder \u003c\/em\u003ei 1994 og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2021 var Haugland Festspeldiktar ved Dei litterære festspela i Bergen.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eFor romanane \u003cem\u003eOm dyr og syn\u003c\/em\u003e (2017), \u003cem\u003eOm søvn og mørke\u003c\/em\u003e (2019) og \u003cem\u003eOm livet på jorda\u003c\/em\u003e (2021), som her er samla i eitt band, har Tormod Haugland hausta strålande kritikkar.\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42462615437355,"sku":"9788249529490","price":269.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249529490_1_10_1.jpg?v=1762263144","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/om-dyr-og-syn-om-sovn-og-morke-om-livet-pa-jorda","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}