{"product_id":"sirenene","title":"Sirenene","description":"\u003cp\u003eVINNAR AV LYTTERNES ROMANPRIS 2024\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEin sundag i hundedagane står odelsguten Tormod Kolbrunargard i tunet og ser mot gamlehuset. Han ser etter livsteikn frå farfaren og farmora. Foreldra har reist nordover, og syskena, Andremake og Jote, er heller ikkje heime. I ei veke har han styrt garden åleine, og han kjenner på ansvaret for dyra og ei bortkomen kvige. Han dreg for å leita, og hamnar i ein del av skogen som brått verkar framand. Han er jaga av minna frå kvelden før, då han følgde Eleonora på nabogarden Storjord heim. Både uroa og lysta slit i han, og nye møte gjer nattas drama endå meir krevjande.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eSirenene \u003c\/em\u003eer ein underhaldande og drivande roman, dels folkeeventyr og fantastisk forteljing, ein gåtefull roman om tid, tradisjon og lengt, og om relasjonen mellom dyr og menneske, levande og døde.\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42462542168107,"sku":"9788249530236","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249530236_1_8.jpg?v=1762262221","url":"https:\/\/bokeriet.pro\/products\/sirenene","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}