Sjå, der går ein barndom - om lesaren, litteraturen og det fortalde

Ordinær pris 399,00 NOK Tilbudspris 399,00 NOK Ordinær pris 399,00 NOK

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Sjå, der går ein barndom - om lesaren, litteraturen og det fortalde in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788234016332 | Format: Innbundet | Utgivelsesår: Utg.år: 2026

Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Oskar og eg har ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år.

Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til lokalavisa Synste Møre. Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa.

Sjå, der går ein barndom er ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma si. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane. 

Levering

Denne varen sendes innen 1–3 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Anmeldelser

Terningkast 6

«Parr kan gjennom sitt hjertevarme, vanylvske univers skrive om språk, demokrati, skolebibliotek og makt, og likevel ende ved bekken nedi hagen.»

Ingrid Schibsted Jacobsen, Bok365

Terningkast 5

«En av våre beste barnebokforfattere skriver klokt, morsomt og personlig om barn, litteratur og skriveliv.»

Maya Troberg Djuve, Dagbladet

«Maria Parr er ein like god essayist som barnebokforfattar.»

Morten Olsen Haugen, Barnebokkritikk

«I ein ofte moraliserande debatt om barn og lesing kan vi heller lytte til Maria Parr.»

Ayne Kifle Assefa Aalen, Klassekampen

«Sjå der går ein barndom minner oss om at alle barndommar blir levde for første gong, i ein evig loop. Det går barndommar rundt oss kvar einaste dag, barndommar som skal danna grunnmuren for eit heilt liv. Maria Parr viser med varme og intelligens korleis me bør knyta desse barndomane til oss ved å fortelja og å bli fortalde.»

Heidi Bøhagen, Morgenbladet

Nylig sette produkter